Ikkje forlat dei for dei veit kva dei gjer!

2025-07-13 22:00
Israel,Hamas
Øyposten er ei uavhengig lokalavis for Ryfylkeøyane.

Headingen er ein omskrivelse av eit sitat frå Lukasevangeliet der etter sigende Jesus ber om at dei som korsfesta han blir tilgitt fordi dei ikkje veit kva dei gjer.

Så til poenget med dette. Israels stastminister Netanjahu kan aldri skjula seg bak at han og hans likesinna ikkje veit kva dei gjer. Det dei held på med er så kynisk og gjennomtenkt grusomt at det kan kun samanliknast med planane Hitler hadde. Det er nå eit utalt mål, i overskueleg framtid, frå massemorderane i Knesset at Palestinerane skal vekk frå Gaza, utan anna grunngjeve mål enn at dei ikkje skal vera der. Det siste utsagne frå same folka er at Israel skal anektera Vestbredden og fortsetta undertrykkelsen av dei 2,5  millionar palestinerar som bur der og har budd der i mykje lenger enn dei israelske busetterane som nå utgjer ein halv million menneske

Når det gjeld tru og ikkje tru så er det meg uforståleg og det er også uforenleg med det som skal vera den såkalla kristne tru slik som israelerane oppfører seg. Eg har alltid hatt tru på det gode i menneska og prøvt å leva etter det. Så har eg også sagt at det er håp for alle, det er noko godt i oss alle. Dessverre så ser eg ingenting godt i dei menneska som kynisk prøve å utrydda poalestinerane. Når du som IDF soldat får ordre om å skyta og bomba utsvelta barn og vaksne som står i matkø for å holda liv i seg og familien nokre dagar til, så er det ikkje rett at dei som gjer slik ordre får tilgivelse. Dei må straffast på det hardaste. Berre for å ha sagt det og det har eg sagt før, eg er ingen Hamas sympatisør. Hamas er ein terrororganisasjon på lik linje med Israel

11 år gamle Adam hadde 9 søsken. Mor og far jobba begge på sykehuset. Mor var på jobb då familiens  hus blei bomba i grus av Israel. Alle 9 søskena til Adam blei drept. Adam og faren overlevde angrepet. Dessverre døde også faren nokre dagar seinare, sannsynlegvis gjekk han tom for grunn til å leva vidare. Ikkje kom og fortell meg  at dei var Hamasfolk. Mor og far jobba på sjukehuset for å redda liv enten det var den eller den.

Til dykk som fortsatt ikkje ser galskapen i å støtta Israel, sett dykk foran fjersynsskjermen, gå inn på NRK TV og søk opp dokumentaren «No other land» Då vil dykk forhåpentlegvis forstå galskapen i det Israel held på med. Fortell meg korleis det skal bli fred mellom palestinerar og israelerar når den eine parten, israel,  hevdar at 4-5 millionar palestinerar ikkje skal ha ein rett til å bu nokon plass.  Dei skal flyttast rundt omkring i verda til vennlegsinna land som vil ta imot dei. Tenk dykk tanken at så mange menneske med den balllasta dei har, skal mot sin vilje tvangsflyttast. Her er det grobunn for terrorisme verda aldri har sett maken til. Kva trur dykk som rører seg i hovudet til f.eks 11 år gamle Adam omtalt tidlegare, enn hat?

Nå har  Netanjahu nominert Amerikas president til Nobels fredspris. Det er den største hån mot ein institusjon som Nobelinstituttet nokon gong. At det går an!! Fredsprisen skal bl.a tildelast enkeltpersonar eller istitusjonar som over lang tid har jobba målretta for fredleg sameksistens mellom folk.

Forskjellen mellom Trump og Netanjahu er at Trump skiftar meining fortare enn han klare å huska og kva han har sagt eller vedtatt, noko som kunne få oss alle til å frys på ryggen, og Netanjahu som er den mest kyniske massemordar sidan Hitler. At Netanjahu nominerer Trump til fredspris er eine og aleine fordi han smiskar med Trump for å få han til å støtta israel med ennå meir våpen. Våpen som blir brukt til å drepa ennå fleire uskyldige palestinerar.

Håpet er at Nobelkomiteen brukar nominasjonspapira frå Netanjahu til noko heilt anna enn lesestoff.

Norge og utenriksminister Eide kjem støtt med utsagn om at alt som føregår i Gasa og på Vestbredden er heilt uakseptabelt. Det har han rett i, men ka hjelpe det Palestinerane? Det er kun ein tostatsløysning som kan skapa fred. Israel må boikottast og sanksjonerast til det israelske folket kjenner det så sterkt på kroppen at dei kastar Netanjahu og hans likesinna i fengsel der dei høyrer heime. Kvifor skal Norge som nasjon investera i Israel, bruka penger frå pensjonsfondet når ein veit kva som skjer? Hyklersk!!!

. Øyposten har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det er lenka til. Alt innhald er verna av opphavsrett 2025 © Øyposten.